Her finn du oversikta over servering og overnatting på Fuglesteg sommaren 2021. Me gler oss til ein ny sesong!
Luster kommunestyre og Luster Sparebank har sikra restfinansieringa av sikringshytta. Den er no sett i bestilling og går alt etter plana, vil den stå ferdig i midten av juli i år.
Luster Turlag har no nytt vertskap på Tungestølen Turisthytte. Det nye vertskapet tiltrer på vårparten og turisthytta vil opne for gjester tidleg i juni.
Klikk her for å sjå Luster Turlag sitt turprogram 2021! Me håpar du vil vera med på tur!Helsing styret
Dessverre vert det planlagte usette årsmøtet som skulle vore den 20.januar- avlyst. Styret gjer naudsynte vedtak fram mot neste årsmøte.Sjå her for dokument knytt til årsmøtet.Klikk her for årsmeldingKlikk her for resultatrekenskapKlikk her for balanseKlikk her for revisjonTa kontakt om det er noko du lurar på!
Til tross for eit turår fylt med avlysningar og utsetjingar har det vore eit godt år for turlagshytta Fivla i Vigdalen.
Luster Turlag har fått på plass ein avtale med Sogn Skisenter om gratis utlån av randoneeutstyr til medlemmar av DNT ung!
Opplev ein spennande og aktiv sommar som vertskap på Tungestølen Turisthytte! Det blir oppstart i juni 2021 og drift til og med haustferien, men med høve til reduserte opningstider om hausten. Vi søkjer deg/dykk som vil gi våre hyttegjester gode opplevingar i storslått natur. Vi ynsker eit vertskap som tenkjer seg å drive hytta fleire sesongar framover. Jobben passar godt ...
Julegavetips og medlemstilbod til deg som er med i Luster Turlag!
Luster Turlag og Sogndal Turlag har gått saman om å tilsette ein person i 50% prosjektstilling. Av dei som søkte jobben var det Marie Sørum (27år) som trakk det lengste strået, og vart tilsett i stillinga 1.september.
NB: Etter råd frå smittevernslegen i Luster Kommune vert årsmøtet utsett. Vi kjem att med nytt tidspunkt.Luster Turlag kaller inn til ordinært årsmøte!Fredag 20 nov. 2020. kl 19.00 på Gaupne skuleKlikk her for sakslistePå grunn av dagens situasjon må me ha påmelding. Maks 50 deltakarar. Deltakelse er gratis!Klikk her for å melde deg på ...eller send ein melding til tlf. ...
Fem ungdommar møtte opp for å prøve leirdueskyting onsdag forrige veke! Det var mange fulltreffarar, god instruksjon og god stemning blant dei unge lovende!Takk til Luster Jakt og fiskelag!
Planlegg du kajakktur i haust?Styr unna: tysdag- torsdag veke 42, då er nemleg kajakkane lånt ut! Utanom det er dei tilgjengeleg som vanleg! -Luster Turlag
Det nærmar seg haustferie, og vi har samla ti turtips til haustturane og aktivitetane langs Sognefjorden!
Denne veka har det vore arrangert OPPTUR for 9 klasse ved både Gaupne ungdomsskole og Hafslo ungdsomsskole. Gaupne u.skule fekk gå på tur på måndag, og Hafslo u.skule gjekk på tur på onsdag.
Turen er avlyst!
Kajakkane våre på Eikjastrondi er utleigde i perioden 2.- 4. og 7.- 8. september.
Sundag 23 august vert det fiskekonkurranse på Heggdalsvatnet kl. 1200 - 1600 i regi av DNTung og Luster jakt- og fiskelag.
Vegen til Fuglesteg er no open att etter at den har vore stengd ei tid på grunn av rasfare. No har vi hatt geolog på plassen og det er konstatert liten fare for steinsprang på vegen opp. Det er likevel lurt å følgje med i terrenget når du brukar vegen.
Steinstova i FUGLESTEG er open for servering av hellekaker med og drikke. Servering mellom kl 11 og 17 kvar dag når hyttevakt er til stades. Luster Turlag gler seg til å ta imot dagsbesøk og overnattingar i alle helgar (langhelgar) frå 16 mai til og med haustferien.Frå 20 juni til 9 august er det ope alle dagar. Ein må bestille ...
Me set utruleg stor pris på at mange brukar kajakkane våre. Etter at naustet opna att etter "Coronapusen" har det vore mange som har vore innom og leigd kajakk.