Årsmelding 2019.
Innkalling og sakliste til årsmøtet!
Prisar over overnatting på Tungestølen.
Her kjem opningstidene og anna viktig informasjon for sesongen 2019.Velkommen til Fuglesteg!
OBOS støttar Nye Tungestølen Turisthytte med 100.000 kroner!
H.M. Dronning Sonja vil opne Nye Tungestølen Turisthytte, fredag 6. september 2019.Det er ei stor glede og ære for oss i turlaget og for alle støttespelarar for Nye Tungestølen Turisthytte, at H.M Dronning Sonja har takka ja til å vere til stades på opningsdagen, seier styreleiar i Luster Turlag, Ole Schanke Eikum.
Årsmøte i Luster Turlag blir fredag 8. februar kl. 19:00 på Gaupne skule.
Det har skjedd mykje i Luster Turlag i 2018. Her finn du årsmeldinga som oppsummerer året.Last opp årsmeldinga som pdf.
25. august blir grunnsteinen lagt ned for Nye Tungestølen Turisthytte. Me markerer dette med talar, kulturinnslag og god mat. Håpar mange tek turen til Veitastrond denne dagen.
Ein av dei spanande postane i Turbotrimmen denne gongen er Spørteggbu eller Hytta på Mannen.
Me fekk eit lang og flott dag med over 60 deltakarar frå Anestølen og opp til Tuftanovi og nedatt til Veitastrond.
Gode vermeldingar for søndagen. Turen går som planlagt............Søndag 12. august går turen til Tuftenovi, som er ein del av Topptrimmen. Turen startar på Anestølen, fremst i Sogndalsdalen. Derifrå er det ein lang og interessant tur i høgfjellet over til Eldedalen og Veitastrondsvatnet. Turen vil truleg ta 10 - 12 timar, så det er viktig å vere i god form.
Turlaget sin årlege kryssing av Jostedalsbreen går denne gongen frå Fåbergstølsbreen til Bødalseter, laurdag 7. juli med start i buss frå Prix Gaupne kl. 6.00.
I juli blir det fleire flotte konsertar i Fuglesteg.
Kunstnaren Guro Stokkebø Fossøy vil stille ut 25 av sine finaste bilete i Fuglesteg. Under opninga, som er søndag 1. juli kl. 14, vil Henning Lad ha ein minikonsert med songar som passar på ein slik stad, og han vil i tillegg plukka ut nokre allsangar, slik at publikum får delta. Sal av kaffi, hellekaker m.m.
Luster Turlag er for niande gong klare med natursti på Molden Opp. I samarbeid med IL Bjørn ønskjer me å få fleste mogleg til å ta turen frå Marifjøra til Molden laurdag 16. juni.
Fuglesteg opnar dørane og har servering i pinsehelga - både laurdag, søndag og måndag. Kjem du 17. mai, er det nok ei hellekake eller to å få kjøpt då og!
Invitasjon til opning av dagsturhytta Eikjabu, laurdag 12. mai kl. 13.00
Ein sprek gjeng tok fredag ein kveldstur til Vorfjellet. Ein tur på vel 500 høgdemeter i flott turterreng.
Her kjem årsmeldinga og rekneskapen for 2017, samt årsmøteprotokollen frå årsmøtet me hadde på Gaupne skule 9. februar.
Meir enn 300 var innom KDU-dagen på Heggmyrane. Det var rigga til akebakkar ved sidan av grillhytta og idrettslaget Bjørn stod for skileiken. Det var også sporløp langs langrennsløypa med spørsmål til både vaksne og born – alle som deltok fekk ein matboks med DNT sin 150 års-jubileumslogo.