Toppturhelg på Fivla

Fellestur

Fra dato
16. februar kl. 00:00
Til dato
18. februar
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangører
Luster Turlag, Sogndal Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Tanken denne helga er at det vil vera folk på hyttene våre på Fivla frå fredag til søndag og halda varme hus. Dei som vil overnatta ei eller to netter, kan gjera det og ha med seg mat og drikke etter behov. I si tid hadde turlaget eit opplegg med å ta rundtur til fem toppar frå Fivla: Fivlenosi, Jagershaug, Grånosi, Vorfjellet og Vågsberget.  Dette er ein lang tur på ski som krev innsats heile dagen, men som i finver kan gje minne for livet med sine vakre utsyn og flotte skirenn. Om du vil, kan du nøya deg med å ta dagstur frå Vigdalen. Det viktige er å koma seg ut i flott skiterreng. Det ville vera fint om dei som skal overnatta, melder frå til turansvarleg på førehand. Ansvarleg: Nils Oma, 952 26 727. Dette er eit fellesarrangement med Sogndal Turlag, der Marino Ask er ansvarshavande.

Toppturhelg på Fivla

Tanken denne helga er at det vil vera folk på hyttene våre på Fivla frå fredag til søndag og halda varme hus. Dei som vil overnatta ei eller to netter, ...