BaseCamp Sommar

Arrangement

Fra dato
25. juni kl. 12:00
Til dato
29. juni
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Ungdom
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, DNT ung Luster , Luster Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

AKTIVITET: BaseCamp Sommar (13-16 år)
DATO:
25.- 29. juni
PRIS: kr. 1500,- medlem/ kr. 1800,- ikkje-medlem
STAD: Tungestølen, Veitastrond, Luster
Meld deg på til sft@dnt.no

Velkomen til Basecamp Tungestølen!
Sogn og Fjordane Turlag vil ynskje deg velkomen til Basecamp 25. juni – 29. juni på Tungestølen på Veitastrond. Dette blir spanande og kjekt, og vi gler oss! Og her kjem informasjon om kva som skal gå føre seg på campen. Og du finn liste over kva du bør ha med deg av utstyr. Leirleiarane 2018 er: Marie Sørum, Maria Kalhagen, Kristin Reed Lone, Lars Anders Hoel og Magnus Sandven.

Program.
Måndag  25. juni.

Deltakarane kjem seg sjølve til leiren i løpet av ettermiddagen,  oppmøte er mellom kl. 15.00- 17.30. Denne første dagen blir det ikkje noko spesielt program. Deltakarane blir fordelt i lavvo som dei skal bu i, og ”riggar” seg til med utstyret sitt. Velkomen og informasjon kl. 18 ved Sogn og Fjordane Turlag. Utover ettermiddagen og kvelden vil leirleiarane, Marie, Maria, Kristin, Lars Anders og Magnus ha litt aktivitetar for å bli kjent. Det vert felles middagslaging om kvelden.

Tysdag 26. juni  - Fjelltur
Vi bruker heile dagen ute på fjelltur. Under fjellturen blir det innlagt gode lunsjpausar og stopp for dei som vil. Tilbake på campen blir det felles middagslaging og elles frie aktivitetar.

Onsdag 27. juni – Brevandring og fjellklatring/kajakk
Vi deler gruppa i to denne dagen. Gruppe 1 skal opp på Austerdalsbreen, og blir her heile dagen ilag med breførar Gaute Bøyum. Vi skal gå igjennom tryggleik på bre før vi går ein tur i tre taulag. Her blir det å mogeleg å prøve seg på isklatring. Av erfaring så kan det fort bli kjølig på bre så det er viktig å ta med seg litt ekstra ull til dette. Det blir gode lunsjpausar undervegs.
Gruppe 2 skal både klatre og padle kajakk. Ilag med Øyvind Korsøen skal halve gruppe 2 padle kajakk på Veitastrondvatnet, og den andre halvdelen av gruppe 2 blir teke med til eit klatrefelt, mest truleg på sørsida av Skyttarpiggen. Her er det Asle Veien og Irene Befring som har ansvaret. Klatrefeltet er såpass nære leiren, slik at klatregruppa har moglegheit til å ete lunsjen sin ved leirområdet. Dette vil det bli informert om, når deltakarane kjem opp.

Torsdag 28. juni – Brevandring og fjellklatring/kajakk
Vi deler gruppa i to denne dagen. Gruppe 2 skal opp på Austerdalsbreen, og blir her heile dagen ilag med breførar Gaute Bøyum. Vi skal gå igjennom tryggleik på bre før vi går ein tur i tre taulag. Her blir det å mogeleg å prøve seg på isklatring. Av erfaring så kan det fort bli kjølig på bre så det er viktig å ta med seg litt ekstra ull til dette. Det blir gode lunsjpausar undervegs.
Gruppe 1 skal både klatre og padle kajakk. Ilag med Øyvind Korsøen skal halve gruppe 1 padle kajakk på Veitastrondvatnet, og den andre halvdelen av gruppe 1 blir teke med til eit klatrefelt, mest truleg på sørsida av Skyttarpiggen. Her er det Asle Veien og Irene Befring som har ansvaret. Klatrefeltet er såpass nære leiren, slik at klatregruppa har moglegheit til å ete lunsjen sin ved leirområdet. Dette vil det bli informert om, når deltakarane kjem opp.

Fredag 29.juni – Pakking/heimreise
Føremiddagen blir brukt til pakking og rydding av campen. BaseCampen blir avslutta til om lag kl. 12.00.
 

Dette er programmet i grove trekk. Når deltakarane kjem på campen, vil dei få eit meir detaljert program, med tider for vekking, lunsj, aktivitetar, middag osv. Det vert høve til å halde på med frie aktivitetar som volleyball, fotball, bading osv. Elles har nok leirleiarane gode idear til aktivitetar, så det blir neppe tid til å kjede seg.

Leirplass. Alle søv i lavvoar, gutar og jenter åtskilt.  Vi har også ein stor lavvo som vi bruker til felles samlingsplass, felles måltid og sosialt samvær. Alle må halde orden i sin lavvo og veldig greitt ha med 2 store plastsekkar: 1 til å ha tørre klede i og 1 til evt. våte klede.

Tryggleik. Det vert gjort risikovurdering av området og aktivitetane på førehand. Vi vil gjere dette så trygt som råd er. Det er viktig at deltakarane rettar seg etter dei instruksane som vert gjeve med omsyn til dette. Vi har sjølvsagt førstehjelpsutstyr.

Mat. All mat vert kjøpt inn av oss til felles bruk. Vi et frukost i leiren. Vi lagar oss lunsjpakkar, som vi et midt på dagen. På kvelden lagar vi felles middag på grill, kokeapparat eller steinomn. Det vert også tilgang på frukt i løpet av dagen. Vi set opp meny for middag på førehand. Mat som treng kjøling vert oppbevart i kjøleskap.  Gje beskjed ang allergi slik at vi kan ta omsyn til dette i vår planlegging.

Sanitære forhold. Drikkevatn kan vi finne i elva. Det er utedo på campen. Elles blir det å vaske seg og pusse tenner i vatnet/elva like ved. - Å vere på BaseCamp skal vere litt primitivt.

Generelt. Alle deltek på fellesaktivitetane. Det vert 5 leirleiarar, som er tilstades under heile campen. I tillegg vil det vere instruktørar og hjelparar til dei ulike aktivitetane. Desse personane vil variere frå dag til dag.  Er det nokon som har sjukdom, allergi eller andre høve som vi bør vere kjende med, ver bra og gje beskjed om dette på førehand.

Det er ikkje mobildekning i området. Vi tilrår at deltakarane har reiseforsikring. Aktivitetane vil gå føre seg i gangavstand frå campen. Elva renn vakkert ved sida av og er vassrik i år. Ta gjerne ein prat heime om korleis te seg og leirleiarane vil også ha fokus på dette. Alle må ta vare på seg sjølv og andre.

Pakkeliste: NB: Merk kleda og utstyr med namn!
Sovepose og liggjeunderlag (OBS! kan bli kjølig om nettene så bør vere ei god 3-sesongers sovepose).
Merk: Campingseng ikkje lov ha med. Berre liggjeunderlag eller luftmadrass.
PAKK KLEDE OG SOVEPOSE I PLAST! Kan bli regn og vått!
Tette og gode fjellsko +  joggesko eller liknande (Viktig med kraftig såle til brevandring!)
Regntøy
Klesskifte og varme klede (ull undertøy) + tjukke ullsokkar. Ikkje berre bomullsklede!!
Ullklede
Badetøy
Toalettsaker (tannkost, tannkrem, handkle, såpe med meir)
Solkrem og solbriller
Myggspray
Drikkeflaske - minst 1 liter
Lommelykt + ekstra batteri
Liten dagstursekk, må ha plass til ein god niste, flaske, sitjeunderlag og ekstra kle.
Ta gjerne med eit musikkinstrument du likar å spele på, og som tåler leirliv.

Vi stiller med:
Mat og lavvo        
Utstyr og instruktørar til aktivitetar
Bestikk, kopp og fat

Deltakaravgift. Deltakaravgifta, kr 1500 for medlemar og kr 1800 for ikkje-medlemar betalast inn på konto 3705 03 32455, Sogn og Fjordane Turlag innan 20. juni
Merk med namn og BaseCamp 2017.

Medlemskap for ungdom i DNT kostar kr 205. Du kan enkelt melde deg inn på nett her: http://innmelding.turistforeningen.no/

Stad BaseCamp: Tungestølen, fv. 337 inn frå Hafslo. Køyreveg heilt fram til campområdet. Køyr fram til bommen som er inst i dalen (bompeng kroner 50), og hald fram på grusveg ca. 2-3km. Samla køyretid frå Sogndal til Tungestølen er ca. 1t 25min.
Velkomen til alle – vi gler oss!


 

BaseCamp Sommar

AKTIVITET: BaseCamp Sommar (13-16 år) DATO: 25.- 29. juni PRIS: kr. 1500,- medlem/ kr. 1800,- ikkje-medlem STAD: Tungestølen, Veitastrond, Luster Meld deg på til sft@dnt.no Velkomen til Basecamp Tungestølen! Sogn ...

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Kalstveit
  • Tlf. 57 72 06 14
  • E-post: sft@dnt.no