Me starter frå stølen Nystølen på Veitastrond ca 270 moh. For å komme til Nystølen køyrer du bomveg frå Veitastrond mot Tungestølen, men tek av og køyrer over elva på ei bru akkurat på det punktet du ser Tungestølshytta. Turen går bratt opp frå Nystølen på sørsida av elva som kjem ned på Nystølen. Me følger først ein bratt geitesti opp i gjelet, der me går inn på stien som fører vidare opp mot Nyestølsnovi. Me reknar med å komme oss opp på toppunktet, som ligg på 1458 moh. Turen er berekna til ca. 7- 8 timer, og betingar godt vær.
Frå toppen er det strålande utsikt utover Jostedalsbreen, med Kaldakari og Supphellenipa, som dei næraste kjende toppene! Avreise 09.30.
Turleiar: Bjarne Venjum (tlf. 907 24 759) og Anne Kari Nes (tlf. 957 27 958