Avlyst Tungestølen- Skyttarpiggen- Kattanakken, samarbeid med INT

Fellestur

Dato
9. juli kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Luster Turlag
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. grunna dårleg vêr.

Me prøvar i år att, denne gongen litt tildligare på sommaren. Bli med på ein spekatulær tur frå Skyttarpiggen- over breeen og ned Kattanakken i Olden i Nordfjord. Vel framme tek me bussen tilbake til Tungestølen der ein kan booke seg ei overnatting og middag (hugs å ta kontakt med tungesølen om du ynskjer dette) Turen er ein samarbeidstur med Indre Nordfjord Turlag- dei går frå Oldedalen over Kattanakken, me møtast på breen og bytter turleiar!

Eksklusiv tur for spesielt interreserte og godt trena personar. Me tek beina fatt opp Skyttarpiggen, med flott utsyn over Austerdalen med brefalla Odin, Tor og Loke, og Langedalen før Jostedalsbreen legg seg som eit teppe over dei høge fjella våre. På breen møtar me gruppa frå Indre Nordfjord Turlag. Deretter føl me spora til INT ned Kattanakken frå breen, denne nedfarten byr på luftig klyving ned frå eggen. Frå nokre vinklar ser turen umogleg ut. Her får me panoramautsikt til Briksdalsbreen og dei flotte områda i Nordfjord. Det er ein lang og krevjande tur, der det er viktig med godt ver og gode forhold.

Pris 250kr, betalast via VIPPS til turlaget (106547) .

Turleiar: Ole-Hermann Meløy (tlf. 906 91 624) / Olav Auflem (tlf. 414 65 056)

Kontaktinformasjon: