Overnattingstur til Arentzbu. Breheimen Nasjonalpark

Fellestur

Fra dato
4. september kl. 10:00
Til dato
5. september
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Luster Turlag
Dette arrangementet er over!

Fåberg – Arentzbu – Mørkrid.

Dei fyrste haustfargane skulle vera komne i høgfjellet no, og denne turen burde freista mange. Med utgangspunkt i Mørkrid/Hødnevollen kl 10.00, set me oss i buss eller bilar og køyrer til Fagredalen opp frå Fåberg i Jostedalen. Der startar fotturen i vel tusen meters høgde opp til Holmevatnet og vidare til Martedalsvatnet og ned i Rausdalen til DNT hytta Arentzbu. Denne etappen vil ta 5-6 timar og er heller lett. Etter overnatting på denne sjølvbetjeningshytta går turen vidare forbi fjellstølen Fjellsli og ned i den vakre Mørkridsdalen med sine flotte stølar, elvar og fossar. Turen andre dagen vil ta om lag like lang tid, og på ettermiddagen er ein attende til bilane.

På grunn av skyss og overnatting krev turen påmelding på sherpa. Betaling for busstransport

NB: du må booke seng på Arentzbu sjølv, via denne linken https://reservations.visbook.com/6502?lang=no 

Turleiar: Marte Meland (474 14 157)

Kontaktinformasjon:

  • Luster Turlag

Turleder:

  • Marte Meland