Skyttarpiggen

Fellestur

Dato
28. august kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Luster Turlag

Fottur til denne flotte toppen som stikk seg opp bak Tungestølen vart sett opp i fjor og, men veret hindra gjennomføring. No prøver me på nytt og vonar på sol og turre svaberg, for her er det delvis bratt. Me går midt mellom Langedalen og Austerdalen med utsyn til begge dalføre, først gjennom skog og deretter stein og sva.

Dersom ver og tid tillet det, er det naturleg å prøva å ta seg heil til platået Skyttarnovi på 1593 moh. Ein krevjande tur, kor utsikta er belønninga.

Turen vert avslutta med ein middag på Tungestølen for dei som ynskjer!

Turleiar: Anne Kari Herlovsen Nes (tlf: 957 27 958)

Kontaktinformasjon:

  • Luster Turlag