Vigdalsdilten

Fellestur

Dato
18. juli kl. 08:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer
Arrangør
Luster Turlag

VIGDALSDILTEN (for 43. året på rad)

Dette er den store tradisjonsturen for turlaget. Det har og vorte tradisjon at Kari Ødegård og Ingeborg Flaten møter deltakarane med kaffi og saft på Fivla, halvveges på turen. Deltakartalet vekslar veldig frå år til år, alt etter ver og vermelding, men det er ingen som klagar på variasjonen i landskapet turen går i, i skog, forbi stølar og i snaufjell opp til 1200 meter over havet. Heile tida held ein seg til T-merkt sti, så det er lett å finna fram. Dei fleste bruker 5-7 timar på turen frå dei startar ved bussen i Vigdalen til dei legg frå seg deltakarkortet i Engjadalen og går i bilen eller vandrar ned til Gaupne.

Dei som vil plassera bil i Engjadalen møter opp før kl 08.30 ved Prix i Gaupne og sler seg saman med andre som vil gjera det same. Buss går til Vigdalen kl 09.00. Registrer deg og få utlevert klippekort før avreise.

Prisen kr 150 for vaksne og kr 50 for born og ungdom opp til 15 år inkluderer buss, kaffi/saft og kanskje noko å bita i på Fivla pluss plakett som blir utdelt på eit seinare turlagsarrangement (hugs kontantar!).

Ansvarlege for opplegget: Kari Ødegård (480 77 262) og Ingeborg Flaten (917 73 771)

Kontaktinformasjon:

  • Luster Turlag