Tungestølen- Kvitesteinsvarden, Jubileumstur

Fellestur

Dato
3. juli kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Luster Turlag

Ettersom Luster Turlag kan feira 50 år i år, er det naturleg å ta opp att den fyrste breturen laget skipa til i august 1972. No som då er planen å gå frå Tungestølen og inn til Austerdalsbreen, setja på toget og vandra så langt inn som mogeleg på denne flottaste av brear. Turen for snart femti år sidan gjekk i august, og då var det så avsmelta mellom isen og berget at me ikkje kunne koma opp til Kvitesteinsvarden, som ligg i vel 1400 meters høgde. Turen vart likevel minnerik, med den tidlegare patentføraren Nils Neset som kjentmann. No går me så tidleg på sommaren at om det har vore ein snørik vinter utan for mykje avsmelting, skulle det vera råd å gjennomføra heile turen.

Detaljopplysningar om turen kjem på nettsidene til turlaget og i Sogn Avis.

Kjentmann: Kåre Reidar Aasen (482 50 566) Turleiar: Stein Bugge Næss (958 74 596)

Kontaktinformasjon:

  • Luster Turlag