Introduksjonskurs kajakk (3 t), Marifjøra

Kurs

Dato
6. juni kl. 16:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Kurs, Padlekurs, Kajakk
Arrangør
Luster Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Klar for å starte sommarsesongen med kajakkpadling? Luster Turlag arrangerar introkurs havkajakk i Marifjøra. Kurset varar i om lag 3 timar, og vil gå føre seg i nærleiken av Luster Turlag sitt naust.

Deltakarane introduserast til kajakken og utstyret. I løpet av kurset har deltakarane gjennom enkel praktisk øving lært å bruke kajakk, åre, spruttrekk og vest. Kurset skal motivere for vidare opplæring i kajakkpadling. Dette introduksjonskurset kvalifiserar for våttkort. Ein treng våttkort dei fleste stadar for å kunne leige kajakk. Luster Turlag stiller med kajakk til disposisjon inkludert i kursavgifta. Du må sjølv sørge for eigna bekledning som tørrdrakt eller våtdrakt og sko. Går godt an å bruke joggesko som tåler å bli våte.

Utstyr: Ta med klesskift (hels ull), mat/snacks (sjokolade/nøtter/banan som gir rask energi) og drikke. Hugs å pakke vasstett. Luster Turlag stiller med kajakk og padleåre. Du må sjølv sørge for eigna bekledning som tørrdrakt eller våtdrakt og sko.

Våttkort: Introduksjonskurs hav kvalifiserar for våttkort. Våttkort er ikkje inkludert i prisen, og om du ynskjer våttkort kostar dette kr 100. Dei fleste seriøse utleigeaktørar krev våttkort for å låne/leige kajakkar på eiga hand. For å kunne leige Luster Turlag sitt kajakkutstyr er det naudsynt med våttkort eller tilsvarande kunnskap om trygg padling og redning.

For meir informasjon om kurset, sjå her: http://www.padling.no/vaattkort-og-sikkerhet/hva-er-vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/havpadling/introkurs-hav/

Pris
Medlem: 800kr (ungdom, 26 år: 600kr)
Ikkje medlem: 1000kr (ungdom, 26 år: 800kr) 

Oppmøte: Møt ved naustet til Luster Turlag som ligg ved Marifjøra (enden av vegen) kl. 16.00. 

Kursleiar: Toril Marie Mulen, mob. 45255889.

Ynskjer du å støtte turlagets arbeid med å melde deg inn som medlem?
Følg linken: https://www.dnt.no/innmelding/registrering/

 

Introduksjonskurs kajakk (3 t), Marifjøra

Klar for å starte sommarsesongen med kajakkpadling? Luster Turlag arrangerar introkurs havkajakk i Marifjøra. Kurset varar i om lag 3 timar, og vil gå føre seg i nærleiken av Luster ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Toril Marie Mulen