Bretur Kattanakken - Tungestølen/ Retur gjennom Snaudalen til Fjærland

Fellestur

Fra dato
14. august kl. 07:00
Til dato
15. august kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Bretur, Fottur,
Arrangører
Indre Nordfjord Turlag, Luster Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Eksklusiv tur for spesielt interreserte og godt trena personar. Ein fellestur saman med Luster Turlag for breentusiastar. Dette vert 2 krevjande turdagar. Turen opp til Kattanakken er bratt - flott og krev sitt då også har bra tunge sekkar. Vidare over breen og mot Tungestølen kan bli både spennande og noko strevsam, men i godt ver vert det ein fantastisk tur. Nedstigning mot Tungestølen i breterreng som endrar seg for kvar dag, set krav til både deltakarar og turleiarar. Vel framme på Tungestølen vert det dusj og felles middag. Truelg overnatting sovesal - men skulle gå bra med Lakenpose. Hugs gode kle - kan bli kaldt over breen. Hue og vottar/ull er standard i sekken på slike turar. Søndag er det tenkt å gå tilbake mot Fjærland gjennom Snaudalen og Suphelleskaret. Vert vurdert om buss kan hente noko utstyr på Tungestølen ( og event. folk som ikkje vil/kan vere med på tur dag 2) Turen søndag vil ta alt mellom 3 - 7 timar - avhengig om ein får skyss fram i Snaudalen. I prisen inngår overnatting/middag og frukost på Tungestølen, samt transport tilbake igjen til Olden

Prisar: Medlemmar DNT kr. 2500 - Ikkje medlemmar kr. 3000.00. (Medlemmar INT - Luster turlag kr. 2000.00. Hugs rabattkode INT ved påmelding)

Bretur Kattanakken - Tungestølen/ Retur gjennom Snaudalen til Fjærland

Eksklusiv tur for spesielt interreserte og godt trena personar. Ein fellestur saman med Luster Turlag for breentusiastar. Dette vert 2 krevjande turdagar. Turen opp til Kattanakken er bratt - flott og ...

Kontaktinformasjon:

  • Endre Vonheim - Olav Auflem - Ole Hermann Meløy
  • Tlf. 488 93 66 414 65 056 906 91 624
  • E-post: olav.auflem@enivest.net