Dagskurs skred for ungdom (14-26 år)!

Kurs

Dato
7. mars kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Kurs, Skredkurs, Dntung, Dagskurs
Arrangører
Luster Turlag, Sogndal Turlag

Formålet med kurset er å gje ungdom, 14-26 år, grunnleggjande praktisk kunnskap for å handtera terreng i vinterfjellet, ved å kjenne igjen og identifisera heng og fjellsider som er brattare enn 30 grader. Det inkluderer enkle tiltak for å unngå å bli eksponert for skredfare. Det er tilrådd at du kan bruke ski nytta til topptur, men det er ikkje noko krav til skidugleik. Kurset gir introduksjon i skredteori, slik at du som deltakar får ein god basis å byggje vidare på. Vi er på tur heile dagen og fokuserer på å gjenkjenning av potensielt skredterreng, gode ferdselsrutinar i skredterreng og innføring i bruk av sendar/ mottakar (skredsøkjar).

Oppmøte kl. 09.00 i Dalalåven i Sogndal skisenter (Hodlekve). Kurset startar med litt teori, og deretter er det ut på tur.

Utstyr: Alle deltakarar stiller med spade, søkjestong, sender/mottakar, grunnleggjande førstehjelpsutstyr og vinterklede for å være ute ein heil dag. Deltakarar må ha ski/brett som eignar seg til nedkøyring, og må ha feller til. Har du ikkje alt utstyr som nemnast her? Som meldem av Luster Turlag UNG har du moglegheit til å låne randoneeski, sko, feller gratis. Utstyret hentes i Sogn Skisenter på Heggmyrane (avtalast med Sogn Skisenter). NB hugs å syne frem medlemsbevis (last ned appen DNT medlem, og logg inn med mobil nr).

Stad: Dalalåven i Rindabotn, Sogndalsdalen
Kursleiar: Instruktør, Norgesguidene

Ikkje DNT-medlem? Det kostar berre 220 kroner å vere medlem av DNT ung dersom du er 18 år eller yngre. For dei mellom 19 og 26 år kostar det 360 kroner. Du meldar deg enkelt inn her HER. Medlemskapet gjelder då t.o.m. 31.12.2021.

Betaling: via vipps til turlaget ditt (Sogndal Turlag eller Luster Turlag) på kursdagen.

Ta kontakt om du har spørsmål.

v/ Marie Sørum, tlf: 464 14 051

Kontaktinformasjon: