Fottur til Skyttarpiggen

Fellestur

Dato
4. juli kl. 08:30 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Lusterturlag, Skyttarnovi
Arrangør
Luster Turlag
Dette arrangementet er over!

På grunn av mykje snø så blir breturen erstatta med fottur til Skyttarpiggen. Denne karakteristiske toppen som ligg rett DNT-hytta vår på Tungestølen.

Vi går midt mellom Langedalen og Austerdalen, med utsyn til begge dalføre.Første delen av turen går  i skog og deretter går vi over til stein og sva.

I utgangspunktet går turen til Skyttarpiggen på 1411 meter, og dersom vi får tid, så går vi vidare opp på Skyttarnovi på 1593 (bratt snøbakke frå 1411 til 1593 moh).

Turen byrjar ved brua på Tungestølen ca 270 moh. kl. 08:30. Avgrensa tal plassar. Påmelding til Anne Karin på tlf. 95727958.

Dette er ein krevjande tur med ein del høge steg og nokre luftige parti. Turen krev god fysikk og at du ikkje har høgdeskrekk.

Vi satsar på å avslutte turen med eit besøk på hytta på Tungestølen, der ein kan få kjøpe seg noko å bite i.

 

Kontaktinformasjon:

  • Anne Karin Herlofsen Nes
  • Tlf. 95727958